Alt kan bli rekna som kunst. Alt fra en gammal lenestol til eit godt gjennomført maleri. Eg trur kunst er noko som er meint til å skape føleser. Anten det er glade følelser, sinte følelser eller til og med skremmande følelser. Det er ein måte å uttrykke seg sjølv på. Ein måte å få fram dei innerste følelsene som folk gøymer vekk eller som ikkje er mogleg å forklare med ord.
Personleg meinar eg at ein ikkje alltid skal tenke så mykje gjennom korleis ein gjennomfører eit maleri. Viss ein har ein følelse innvendig som ein har lyst å sleppe ut burde ein bere ta penselen i handa, velge dei fargane som forklarer humøret best og bere sette i gong. Slik eg har gjort i bildet under.
Her har eg gjennbrukt eit gammalt lerret og malt over. Malinga som allereie var på lerretet hjalp til å lage meir struktur og dybde i bildet. Heile maleriet er utfroma med pallettkniv. Eit lett og spennande verktøy å jobbe med. Det er ein del struktur i bildet som ein nesten ikkje ser før ein har biletet foran seg.
Dette er eit bilde som eg blir meir og meir glad i jo meir eg ser og studera det. Eg finner heile tida nye former og uttrykk i det som eg ikkje såg når eg holdt på med det. Nokon bilete er slik. Dei vokser samtidig som beskuaren og ein kan se det same kunstverket på tusenvis av forskjellige måtar.
Hold sinnet åpent.
-Anna (^3^)<3

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar