tirsdag 28. januar 2014

Akt tegning

Eg trur ikkje eg har skreve det, men eg går no på illustrasjonslinja på Norges kreative høgskule. Viss folk er interessert i å vite meir om det kan man gå på nettsida deira, med samme navn som skulen. 

Dinna uka har vi som dokke kanskje kan se på bildene under dreve med aktteikning. Vi hadde en som sto modell og så fikk vi ulike oppgaver vi skulle gjennomføre. Som mange veit så er menneske veldig vanskelige og komplekse å tegne eller male. Det er mange ulike nyansar, forhold og proposjonar som skal stemme viss man skal lage en realistisk tegning. Dette var noko eg syntes var veldig interessant å sjå. Korleis lys og vinkel fullstendig kan forandre måten vi ser ting på. Både når det kommer til stemning og sjølve utseendet til motivet. Former og og gjenstander kan få en anna betydning viss man forandrar på for eksempel skyggen. Dette er spesielt en viktig faktor når man skal tegne menneske. Kroppen har svært lite konkrete linjer som skiller for eksempel hals fra krage eller nese fra kjaken. Det er her lys og skygge kommer inn og kan få mykje å sei for korleis tegninga eller maleriet ser ut til slutt. 

For å vere litt poetisk må eg nesten sei at dette er litt slik som ulike situasjona i livet ellers. Ei sak  kan sjå heilt annerledes ut fra ulike ståstader og man kan ikkje forstå ei sak fullstendig før man har prøvd å sjå den fra alle sider. Slik er det med menneske og. Ein kjenner ikkje nokon ein bare har sett ei side av. 


Eg har og fleire ganga sett at når det kommer til portrett så blir bildet bedre og bedre jo fleire skygger og høglys som blir lagt inn. I det første bildet nedanfor var det veldig sånn heilt i begynnerfasen. Det såg ikkje så bra ut når det var heilt flatt og, som eg fant ut etter kvart, forholdene mellom håret, panna og augene var feil. Etter kvart som eg jobba med det og bearbeida forholdene og skyggane blei det betre. Blei overraskande fornøgd med det. 




På bildet over har eg brukt eit kvitt A3 ark og vanlig kull.




På bildet under har eg brukt svart A2 ark. I tillegg til vanlig kull brukte eg mjuke pastellkritt i ulike  fargar og  litt hardare pastellkritt i oker (?) og kvitt. 



På dette bildet var det og slik at det blei betre jo meir skyggar og lys eg la inn. Etter kvart var det fint å sjå at formane blei riktige både i forhold til bildet og korleis det ser ut på ekte. Eg har og no innsett at det er så mange fleire fargenyansar ikkje bare på menneskekroppen men og ellers i naturen. Slik som at skyene ikkje bere er grå eller kvit så er ikkje huda bere i ein beigeaktig farge.  Der er tusenvis av ulike spekter og nyansar som nesten bere venter på at vi skal sjå dei og bringe dei inn i bileta våre. 




Hold augene opne og sjå dei ulike sidene av livet.



-Anna(^3^)






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar